Brua må minst fire meter frå nabogrensa

Nyhende

Prosjektbygg As har fått rammeløyve for etablering av ei svingbar gangbru mellom Fosnavåg sentrum og Vågsholmen. I løyvet blir det understreka at brua må flyttast til ei plassering av faste konstruksjonar minst fire meter frå grensa til naboeigedomen Fosnavåg Rør. Dei har som kjent hatt sterke innvendingar mot bruprosjekt i frykt for at det vil hindre deira aktivitet.