Om kutt-dramaet i Møre og Romsdal:

"Anders Riise hadde etter alt å døme teke litt for mykje Møllers tran"

Siste dagane har det kome nokre avklaringar når det gjeld den hardt økonomisk pressa fylkeskommunen. Likevel er det fleire saker som heng i lause lufta.

Herøy vidaregåande skule  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

Tannklinikkane blir råka. Kampen for eit desentralisert mønster med klinikkar har drukna i all ståken som har vore rundt skular og ferjer. Larsnes-klinikken kan forsvinne neste år, Fosnavåg blir lagt ned på sikt. Kvar er samfunnsrekneskapen? Når borna må reise langt for tannhelsetenester, må foreldra må ta mange fleire timar fri for å fylgje dei. Ergo sparar fylkeskommunen, medan det private næringslivet og andre offentlege tenester må ta rekninga. Generelt: Skal fleire og fleire tilbod sentraliserast, blir Møre og Romsdal med tida også mindre attraktivt med tanke på etablering og busetting. Eit alvorleg tankekors.