Sævik kritisk til nestleiarval: Meiner det set ein uheldig presedens

Lokalpolitikar for Frp, Karl-Oskar Sævik, er kritisk til at ein person som ikkje stod på val til kommunestyret blei valtsom nestleiar i maritim og teknisk komité.

Kritisk: Sævik (Frp) er kritisk til prosessen kring nestleiarvalet til maritim og teknisk komité i Herøy. Han meiner det set ein uheldig presedens å velje folk som ikkje er folkevalde som komité-nestleiarar. Han understrekar at han ikkje har noko imot Olaug Andreassen, men at han er kritisk til prosessen og om dette er lov. 

Rett skal vere rett, og eg er redd kva presedens ein slik sak kan sette.

Nyhende

Valet av Olaug Andreassen som nestleiar i maritim og teknisk komité vekte reaksjonar i opposisjonen under førre vekes kommunestyremøte. Andreassen var fast medlem av formannskapet og kommunestyret førre periode, då ho representerte Ap. I år stilte Andreassen derimot ikkje til val. Ein av dei som er kritiske til dette, er Karl-Oskar Sævik: