Arbeidsløysa framleis høgst i Sande

NAV melder om stabil arbeidsløyse i november. Sande har framleis den høgste arbeidsløysa i fylket, med 3,1 prosent.

ARBEIDSLØYSE NOVEMBER: Som vi ser er arbeidsløysa høgst på Søre Sunnmøre og på Nordmøre.  Foto: NAV

Nyhende

Det er berre Hareid (3,0) og Halsa (2,9) som kan vise til liknande tal i fylket. Herøy, som lenge var på arbeidsløysetoppen, har ei arbeidsløyse på 2,7 prosent. Elles er tala for dei andre kommunane på Søre: Ulstein (1,9), Ørsta (1,8), Volda (1,7), og Vanylven (1,7).

I Sande er no 40 personar heilt arbeidsledige, der 24 er menn og 16 kvinner. Dette er ein person meir enn i oktober, men fire færre enn same periode i fjor.

I Herøy er no 71 menn og 54 kvinner arbeidsledige, totalt 125. Dette er fire færre enn førre månad, og ein nedgang på 51 personar samanlikna med november 2018.

Elles merkar vi oss at Ulstein har 26 færre, og Volda 21 færre arbeidsledige siste månaden. Hareid har derimot åtte fleire, og Vanylven har fire fleire.

I fylket er 1,9 prosent av arbeidsstokken arbeidsledige, noko som er ein nedgang i arbeidsløysa på 12,8 prosent samanlikna med same månad i fjor.