Inviterer til julehelg i Fosnavåg sentrum:

– Det vil bogne av jul

Handelsstanden med fleire inviterer til ei innhaldsrik helg i Fosnavåg sentrum.

Pe­par­ka­ke­byen 2017: Sist gong det var pe­par­ka­ke­by var jula 2017. No gjer kon­sep­tet co­me­back i Yt­re­horn-lo­ka­la. 

Nyhende

Helga vert sparka i gang allereie tidleg på morgonen fredag, då nokre butikkar opnar dørene ekstra tidleg. Fleire held også langope utover kvelden. Det er som kjent «Black Friday» denne dagen, og eit knippe av dei lokale forretningane vil også markere dette. Ikkje alle.

Ein ting alle derimot vil markere er at jula no skal ringjast inn for alvor. Sentrum er pynta, og nissane byrjar å kike fram. Det meiner vi også bokstavleg. Elevar frå Einedalen skule har nemleg børsta støvet av nisseluene, og har fått i oppgåve å skape juleglede i sentrum. Her blir det lova både gløgg og peparkaker. Kanskje tek maskoten til Nordea, «Hjalmar», også ein tur?

Opnar peparkakebyen

Og apropos peparkake: Årets peparkakeby opnar fredag kveld. Her er det Huldal barnehage som har fått den ærefulle oppgåva å opne byporten og klippe snor.

– Vi vil ikkje røpe for mykje før den er opna. Men vi kan konstatere at det har vore lagt ned ein enorm innsats og at både store og små har vore kreative. Gle dykk til å få sjå alt ifrå «Noas ark» til romskip, seier Maria Sporstøl på vegner av handelsforeininga.

Peparkakebyen skal vere open heilt inn i jula.

Ho lovar elles at ei samla handelsnæring står klare til å hjelpe sine sambygdingar med julehandelen.

– Det skal bogne av jul, julegåvetips, jule-ditt og jule-datt. Vi står klare til å hjelpe alle, slår ho fast.

Musikk, kunst og julegrantenning

Elles vil helga også verte krydra med kulturelle innslag. Elevane til kulturskulelærar Nasko Nikoalev kjem til å stå for konsert ved fontena, og som Vestlandsnytt nyleg omtala er det også opna ei kunstutstilling i sentrum. Innslag frå det kulturelle blir det også fyrste søndagen i advent, under julegrantenninga i sentrum, der mellom anna Bergsøy skulekorps spelar fram julestemninga med eit knippe julefavorittar. Til slutt kan ein tillate seg å nemne at Herøy kyrkje inviterer til lysmesse søndag kveld.

Med andre ord verkar det som at alt er klart for jul i Fosnavåg.