Rotaryklubben tek på seg ansvaret

Herøy Rotaryklubb tek på seg prosjektansvaret for Myklebustvatnet natursti.

NATURSTI: Representantar for Herøy Rotaryklubb, Herøy kommune og Sparbank 1 Fosnavåg med gåvesjekken på ein million kroner. Foto: Josefine Spiro 

Nyhende

Medlemsmøtet i Herøy Rotaryklubb har slutta seg til innstillinga frå interimsstyret om å ta på seg prosjektansvaret for Myklebustvatnet natursti. Vedtaket krev tilslutning frå Sparebank 1 Fosnavåg og Herøy kommune som er samarbeidspartnarar i turstiprosjektet.