Kuttforslag sendt ut på høyring i Sande:

Budsjetterer med skulenedleggingar

Sande kommune tek høgde for innsparingar tilsvarande to skulenedleggingar. Dessutan blir det kutta stort sett over heile linja. Unntaket er kyrkja. Der vert det ein opptur.

Orientering: Rådmann Trond Arne Aglen orienterer om premissane og vala som ligg til grunn for hans tilråding til budsjett. Ordførar Olav Myklebust t.h. 

Nyhende

Det er ikkje mogleg å legge ned skular gjennom eit budsjettvedtak åleine. I praksis er det det Sande kommune legg opp til.