Thomas (30) fryktar å miste den tilpassa heimen sin i Huldal:

– Eg har hatt det jævlig nok som det er!

Thomas Dybvik hadde akkurat byrja å få tilbake eit rolegare liv etter ei tragisk ulykke. Men så fekk han sjokkbeskjeden frå kommunen. No ligg det føre eit forslag som kan ta frå han huset til fordel for ny rundkøyring i Huldal-krysset.

Far og Son: Her ser vi Thomas Dybvik og far hans Per Helge Dybvik avbilda ved Huldalkrysset. Etter planen skal det her kome ei etterlengta rundkøyring, men Asplan Viak slår fast at den optimale løysinga krev riving av tre hus, deriblant huset til Thomas. Dette forslaget er noko han og familien ser på som ein tragedie.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Dei får ikkje fare med huset, om eg så skal sitje att på ein gamal pinnestol.

Nyhende

Eg trudde fyrst det var nokon som ville drive gjøn med oss. Men eg forstod fort at dette var heilt alvorleg.