Viltnemnda åtvarar bilistane

Sigurd Nygard går no ut med ei åtvaring til alle bilistar. – No kjem hjorten nærare vegane.

Sigurd Nygard: Viltnemnda i Herøy meiner det framover blir meir hjort som vil krysse vegen. 

Nyhende

– Det er for tida stor hjortefare. Vi ser at det byrjar å bli lite mat lenge opp i fjella og hjorten har starta å trekke lenger nedover mot busette område. Eg vil derfor be folk om å vere ekstra aktsame i trafikken framover. Følg i alle fall skilta, dei er ikkje til pynt, seier Nygard.

Han kan elles opplyste om at det nyleg har vore påkøyrslar registrert og at han også har fått høyre om fleire nesten påkøyrslar. I dei tilfella har det vore låg fart som har avverja det som ifølgje han kunne ha vore alvorlege ulukker.

Skulle uhellet likevel skje ber han folk hugse på meldeplikta dei har i slike tilfelle.

– Køyr varsamt og ta det med ro, avsluttar han.