Inngår kontrakt med verftsgruppa Westcon

Stig Remøy sitt nye krilfartøy kostar over ein milliard

Det er no klart at krilselskapet til Stig Remøy, Rimfrost, inngår ei kontrakt med verftsgruppa Westcon om bygging av nytt krilfartøy til over ein milliard norske kroner.

Det 120 meter lange fartøyet skal bygges av verftsgruppen Westcon, og er designet av Kongsberg Maritime. Til sammen vil byggingen gi oppdrag for rundt en halv milliard kroner til norske virksomheter.   Foto: Rimfrost

Stig Remøy  Foto: Rimfrost

Nyhende

Dette går fram i ei pressemelding frå Rimfrost onsdag morgon. Her slår også selskapet fast at den maritime klynga på Sunnmøre og andre norske verksemder vil få oppdrag til ein verdi for nærare ein halv milliard kroner som følge av bygginga.

– Dette er ein gledas dag. Vi har arbeida i lang tid saman med norske fagmiljø for å utvikle teknologi som vil sette ein helt ny standard for krilfiske i Antarktis, både når det gjeld klimavennlegheit, berekraft og ressursutnytting, seier hovudeigar Stig Remøy i pressemeldinga.


Stig Remøy til Høgre sine representantar i Stortingets finanskomité:

– Teknologi og kompetanse er avgjerande

Stig Remøy tala for ei sterk kompetansesatsing i distrikta og teknologiske nyvinningar då representantar frå stortinget sin finanskomité vitja Fosnavåg på onsdag.


Rimfrost har samarbeida tett med Westcon og det verdsleiande maritime klyngemiljøet på Sunnmøre når det kjem til val og utforming av teknologi og utstyr .

– Dette vil bli det største fiskefartøyet vi nokosinne har bygd. Vi er veldig stolte over oppdraget med å bygge ein båt som vil sette ein ny standard innan miljø og berekraft, seier administrerande direktør Øystein Matre i Westcon.


Ny krilkonsesjon til Stig Remøy

Torsdag blei det klart at fiskeridirektoratet har innvilga søknaden om nytildeling av krilkonsesjon til Rimfrost Antarctic II AS.


Skroget byggjast i Tyrkia

Designen av det 120 meter lange fartøyet er utført av Kongsberg Maritime, som har lagt vekt på grøn teknologi. I følgje dei tilfredsstiller blant båten mellom anna DNV-GL klassenotasjon Clean Design og IMO Polar Code, der alle prosessar er planlagt for å oppnå minimale utslepp og stor grad av gjenbruk i energiutnytting.

– Ei slik kontrakt vil bety svært mykje for Kongsberg Maritime, og det er inspirerande å vere samarbeidspartnar med Rimfrost på et slikt nyskapande prosjekt, seier salssjef for skipsdesign ved Kongsberg Maritime, Monrad Hide.

Skroget skal byggjast ved Tersan i Tyrkia og er konstruert og forsterka for operasjonar under krevjande forhold i Antarktis.

– Vi har jobba lenge med planane for å sikre at fartøyet kan gjennomføre dei sikraste, smartaste og mest miljøvennlege fiskeoperasjonar som nokon gang er gjort i Antarktis. Fartøyet er også tilpassa for forskingsoperasjonar, seier Remøy.

Einaste i verda

I tillegg til miljøtiltaka knytt til drifta av fartøyet, hevder selskapet at vurderingar frå Commission for the Conservation of Antarctic Marine Living Resources (CCAMLR) viser at nyttegrada av råstoffet vil vere vesentleg høgare enn hos Rimfrosts konkurrentar, samtidig som energiforbruket i prosessane er mykje lågare. Rimfrost har utvikla teknologi som gjer dei i stand til å ta opp mindre kril frå havet men samstundes få same mengde ferdige produkt.

– Fartøyet blir det einaste i verda der helsekost og kosttilskot faktisk produserast til sjøs, rett etter fangst. Kort og skånsam prosessering slår positivt ut for kvaliteten av produkta. Dette opnar opp for at vi kan utvikle fleire nye produkt som kosttilskot til menneske, dyr og oppdrettsfisk, og i tillegg produkt til farmasøytisk bruk, seier Remøy.


Stig Remøy med kril-bodskap til næringskomiteèn:

– Monopol gagnar ikkje innovasjon

Stig Remøy presenterte spennande teknologi og tok til orde for å hindre kril-monopol.


Klart i 2022

Etter planen vil fartøyet vere klart til bruk i 2022. Rimfrost har opsjon på ytterlegare eitt fartøy. I sin tildeling av krilkonsesjonar har Fiskeridirektoratet tidlegare opplyst at man har lagt avgjerande vekt på korleis omsynet til miljø, innovasjon, forsking og utvikling blir varetatt. På bakgrunn av disse faktorane konkluderte direktoratet ved same anledning med at Rimfrost hadde den beste søknaden.

– Det har vore mange utfordringar og hinder på vegen dit vi er i dag. Derfor er vi ekstra glade for at vi nå får på plass et fartøy vi meiner vil revolusjonere krilfisket i Antarktis, seier Remøy.