Sein kveld for kommunestyret etter problemfylt posisjonsfordeling:

Ny posisjonskrangel

Det gjekk ikkje akkurat smidig føre seg då Herøy kommunestyre skulle fordele utvalsplassar og leiarposisjonar i hovudutvala.

SLIT MED SA­MAR­BEI­DET: – For­hol­det mel­lom po­li­ti­ka­ra­ne må bli bet­re, og de må job­be sam­an, sa Knut Va­rei­de frå Telemarksforsking då kom­mu­ne­sty­ret fekk pre­sen­tert re­sul­ta­ta frå til­lits­un­der­sø­kin­ga i byr­jin­ga av mø­tet. Men i sta­den for å gå i ret­ning av det bet­re, ver­kar det som at det berre blir vans­ke­le­ga­re og vans­ke­le­ga­re for dei uli­ke grup­pe­ne å ei­nast om eit sa­mar­beid. 

Nyhende

Berre eit par timar etter at Knut Vareide i Telemarksforsking konkluderte med at dårleg samarbeid er den største utfordringa mellom politikarane i Herøy, var det duka for nye komplikasjonar i Herøy kommunestyre. Denne gongen var målet å fordele posisjonar i dei ulike utvala.