Samla fiskerinæring går imot regjeringa si kvotemelding:

Vil verken høyre eller sjå kvotebanken

Sjeldan, eller kanskje aldri før, har fiskerinæringa stått så samla som no når det dreiar seg om å hindre at regjeringa si kvotemelding blir sett ut i livet.

klar tale: Arve Myklebust t.h. frå Pelagisk foreining går hardt ut mot regjeringa si kvotemelding og får full støtte frå Senterpartiet, her reprsentert med Geir Inge Lien t.v. og Nils Myklebust i messa påTeigenes. 

Nyhende

– Dette må vi få stoppa. Blir dette gjennomført vil det få katastrofale følgjer for heile kysten og for eigarskapen til dei norske fiskeressursane, seier Møre og Romsdal Senterparti sin fyrste varamann til Stortinget, Geir Inge Lien frå Vestnes.