Vil investere i folketalsvekst på Sandsøya

Rådmannen i Sande vil bruke 120.000 k frå Havbruksfondet til det nye prosjektarbeidet i regi av grendelaget på Sandsøya.

TROND ARNE AGLEN: Rådmannen tilrår å bruke pengane frå Havbruksfondet til prosjektet på Sandsøya/Voksa. 

Nyhende

Søknaden, som gjeld 150.000 kr, var til behandling i NTM-utvalet tidlegare i år. På grunn av retningslinjene til næringsfondet kunne ikkje kommunen gje støtte då. Men no har det kome ei opning, i fylgje sakspapira.