Mykje utflytting gir nedgang på Ytre Søre

Statistikken for tredje kvartal er ikkje særleg hyggeleg for Ytre Søre Sunnmøre.

Trend: Statistisk sentralbyrå har kome med siste tala på folketalsutviklinga i Norge. 

Nyhende

I tredje kvartal fekk Herøy 42 færre innbyggjarar, medan folketalet fall med 30 i Vanylven, 21 i Sande og 20 i Ulstein. Berre Hareid hadde ein auke på Ytre Søre, med pluss to. Volda auka med 28 og Ørsta gjekk tilbake med 21 i tredje kvartal.

Så langt i år syner at folketalet i Sande har gått tilbake med 30, medan det har blitt 14 færre innbyggjarar i Herøy. Ulstein har så langt i år blitt redusert med 20, medan Hareid noterer seg for pluss fem. Vanylven har 37 i minus så langt i 2019.

Litt om fødselsbalansen: Sande har så langt 16 fødde og 26 døde (minus 10). Vanylven har 16 fødde og 32 døde (minus 16). I Herøy er det 66 fødde og 57 døde (pluss 9), medan Ulstein kan skilte med 90 fødde og 40 døde (pluss 50!). I Hareid har det kome 47 til verda, medan 34 er døde (pluss 13).

Nedgangen i ytrekommunane skuldast først og fremst negativ flyttebalanse: Vanylven minus 21, Sande minus 20, Herøy minus 23, Ulstein minus 73 (!), Hareid minus 8.

Ørsta har auka folketalet sitt med 51 så langt i år, etter stort fødselsoverskot (pluss 48).