Bergsøy-damene har teke til å finne ut av det

Bergsøy sine handballdamer tapte 22–26 mot Ranheim i helga.

OTHELIE SALVATIERRA VINDFJELL: Var mellom dei toneavgjevande og noterte seg for åtte mål. 

Nyhende

Trass tapet, er det ikkje ein resignert nøkkelspelar, Eileen Baumann Jensen, Vestlandsnytt har snakka med.

– Nei, faktum er at vi no har teke til å finne ut av det. Spelet glir lettare og vi er langt meir samkøyrde enn tidlegare i sesongen. Hugs at damelaget på mange vis er heilt ny-samansett i år, etter at mange reiste eller slutta etter denne sesongen, seier Jensen.

I kampen mot Ranheim var det faktisk berre mindre marginar, mellom anna ei rekkje skot i stengene, som hindra Bergsøy frå å ta poeng.

– Eg trur det skal bli betre og betre no, og det er naturleg at spelarane treng tid på å fungere som eit lag, seier Baumann Jensen.

Sjølv noterte ho seg for sju mål mot Ranheim. Othelie Salvatierra Vindfjell vart BIL sin toppscorar med åtte mål. Baumann Jensen meiner alle damene skal ha ros for godt spel, trass i at det endå ein gong vart null poeng. Laget ligg nest sist i si avdeling i 3.-divisjon, med eitt poeng på seks kampar.

Komande søndag reiser Bergsøy-damene til bortekamp i Kristiansund.