Turveg av høg standard under etablering på Kvamsøya:

– Eitt av dei største felleslyfta nokon gong

Etablering av turvegar er i vinden som aldri før. På Kvamsøya planlegg dei ei Rolls-Royce-utgåve av ein turveg opp til fjellet.

Nokre av dei involverte: F.v. Jostein Korsnes (Kvamsøy IL), Kenneth Beitveit (Kvamsøy IL), Møyfrid Ristesund (Kvamsøy bygde- og næringslag) og Gunnar Ristesund (Kvamsøy (helselag). Kari Grethe Djupvik og Christina Beitveit er to andre medlemer av prosjektgruppa. Vegen vil gå mot fjellet i bakgrunnen. 

Ein slik veg blir eit pluss for folkehelse og trivsel

Møyfrid Ristesund
Nyhende

– Ja, dette blir eitt av dei største felleslyfta vi nokosinne har hatt. Vi har kome langt i planlegginga, og håpar på oppstart allereie til våren.