No heiter han ikkje lenger Adrian Helde Remøy:

Har tatt morfarens namn

Sjå der, er det han Adrian Helde Remøy som er i avisa igjen? Nei, faktisk ikkje, eller … det er ikkje direkte feil, men lokalmusikaren har bytta namn skjønar du. No heiter han Sæmund Helde.

Sæmund Helde: For mange er dette enno Adrian Helde Remøy, men offisielt er det ikkje lenger korrekt. Han har nemleg bytta namn til Sæmund Helde. I morgon, laurdag, opptrer han for første og med det nye namnet når han underheld på Sandemessa på Larsnes. 

Nyhende

Det kjem nok til å ta ei stund før folk lærer seg til det. Men det kan nok Sæmund ikkje anna enn å akseptere. For det er det lokalmusikaren, tidlegare kjend som Adrian Helde Remøy, no heiter. 20-åringen har nemleg bestemt seg for å ta namnet til sin avdøde morfar, Sæmund.