Ole Andreas Skår og E-sport-laget hans med nok ein NM-tittel:

– Herleg å slå tilbake

Laurdag sikra Nordavind, e-sport-laget der kvalsvikaren Ole Andreas Skår er manager, nok ein NM-tittel i dataspelet League of Legends.

Her hevar dei trofeet: Nordavind hevar pokalen etter å sikra nok ein siger i det som i norsk E-sport er å rekne som eliteserien, Telialigaen. Laget er leia av kvalsvikaren Ole-Andreas Skår. Komande laurdag skal laget i elden igjen. Då spelar dei semifinale i Norwegian Esports League mot rivallaget Riddle. Nordavind er rimeleg bra sikre på at dei kan bli siger, då dei har vunne alle av dei tre tidlegare sesongane.  Foto: Sindre Stien/Telialigaen

Nyhende

Førre helg var E-sport-Noreg sitt blikk retta mot Meet på Ullevaal, der sesongfinalen i Telialigaen gjekk av stabelen. Dette er Noreg si største E-sport-turnering, også tidlegare kjent som Telenorligaen.