Pengane held fram å renne ut for Havyard:

Taper på alt i Leirvik - Havyard-aksjane stuper

Pengane held fram å renne ut i Havyard, og no har verftsselskapet i Leirvik gått tom for eigenkapital. Og på børsen stuper Havyard-kursen til nye botn-nivå.

Taper på alt: Alle prosjekt som er under ferdigstilling ved Havyard-verftet i Leirvik går med tap. FOTO: DAVID ZADIG 

Nyhende

Børsmeldinga som blei utsend måndag morgon er lite hyggeleg lesnad for Havyard-aksjonærane. Selskapet er i brot med lånevilkåra, selskapet taper pengar på så å seie alle skip under ferdigstilling, og eigenkapitalen i Havyard Ship Technology (verftet i Leirvik) er no tapt.