Fylkespolitikarane må setje ned foten

Det er vanskeleg å vite om ein skal le eller gråte når ein ser fylkesrådmannen sitt framlegg til økonomiplan for 2020–2023. At det stod ille til med den fylkeskommunale økonomien, er kjent. Men at det er så gale som det Ottar Brage Guttelvik la fram denne veka, er sjokkerande og nesten ikkje til å tru.

Endre Vorren: Vestlandsnytt-redaktøren meiner fylkespolitikarane må seie nei til kuttforslaga som fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik la fram denne veka.   Foto: Arkiv/Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

Ta vidaregåande opplæring først. I si tid var det eit endå meir geografisk differensiert mønster på vidaregåande opplæring enn i dag. Tanken bak å ha slike skular og varierte tilbod i fleire tettstadar rundt omkring i vårt oppstykka fylke, er at dei fleste ungdomar kan bu heime medan dei går på vidaregåande skule. Fleire fagtilbod kan no bli lagde ned, og skal i staden samlast på færre plassar. Lokalt skal ein mellom anna legge ned i Vanylven og kutte ut bygg og anlegg i Fosnavåg.

Det tydelege trendskiftet frå fylkesrådmannen blir mellom anna forklara med at det skjer i eit «omstillingsperspektiv». Det må i så fall vere «omstilling til sentralisering/nedlegging».

Forslaget går elles ut på å legge ned den populære og viktige Taf-ordninga, der elevar kan kombinere teori og praksis, mellom anna på lokale skipsverft. Her dolkar ein industrien i ryggen.

Råd har ein heller ikkje til å halde oppe strukturen med tannklinikkar i dei fleste kommunar. Klinikkane i Fosnavåg og på Larsnes skal med tida leggjast ned, varslar «dei høge herrar» i Molde. Det er også varsla store prishopp på ferjebillettane. Det, kombinert med ei mogleg innføring av Autopass-brikkebetaling, kan òg gje nye prishopp for bilistar.

Samla sett er det eit budsjettframlegg til å hoppe i stolen av, i alle fall om ein ikkje bur og arbeider i Ålesund eller Molde og ikkje treng å uroe seg over endringane. Det er ei farleg utvikling for distrikta. Måtte fylkespolitikarane setje ned foten! Så får ein heller køyre på vidare, i påvente av at styresmaktene rettar opp det som lenge har vore ei klar underfinansiering av vårt fylke.