Kuling inn i Happy Homes

Kuling i Fosnavåg går inn i Nordens største faghandelskjede innan farge og interiør.

Frå bu­tik­ken  Foto: Pressefoto

Nyhende

– Vi opplever at Happy Homes har eit sterkt kjedekonsept med eit velutvikla apparat som vil gi oss eit lyft som faghandel.

Det seier butikksjef Ingelill Brekke i ei pressemelding.

Kjeda har totalt 150 butikkar i Noreg og Sverige.

Inspirasjonsbutikk

Utvendig omprofilering av Kuling, som held til i Elfo-bygget i Fosnavåg, var på plass for kort tid sidan. Innvendig skrid oppussingsprosjektet fram med totalforvandling frå det tidlegare lagersal-konseptet til ein moderne inspirasjonsbutikk.

– For oss er det viktig å auke bevisstgjeringa kring fargebruk og hjelpe kundane våre med å finne gode og estetiske løysingar som passar den enkelte. Vi satsar på ferdigstilling i løpet av november, seier Brekke.

Utviklar målingssortimentet

Kuling har vore forhandlar av Nordsjø-måling sidan 2015. På grunn av medlemskapen i Happy Homes, utvidar dei no sortimentet til også å omfatte Jotun og Gjøco. Dette vil, ifølgje Brekke, gjere Kuling til ein komplett målingsleverandør.

Westing-samarbeid

Satsinga til Kuling skjer i samarbeid med systerskapet Westing, som er retta inn mot industri og maritim sektor. I butikken i Elfo-bygget er det laga til eit eige «Westing showroom» som presenterer store delar av Westing sitt sortiment innan både måling, lakk, verktøy, forbruksmateriell og utstyr innan overflatebehandling.

Ku­ling: Bu­tikk­sjef In­ge­lill Brek­ke og til­sett The­re­se Johansen.  Foto: Pressebilde