Har sett inn mellombels leiar for NAV Herøy og Vanylven:

Vil finne snarleg løysing på situasjonen

Leiar for NAV Herøy og Vanylven, Jarle Stordal, er innvilga permisjon. Tidlegare leiar for NAV Sande, Hilde Knotten Dyrhol, tek over mellombels. Herøy-rådmann Olaus-Jon Kopperstad håper ein permanent leiar er på plass så fort som råd.

HILDE KNOTTEN DYRHOL: Den tidlegare leiaren for NAV i Sande er sett inn som leiar for NAV Herøy og Vanylven i ein overgangsperiode.   Foto: Arkiv/Endre Vorren

Nyhende

Fylkesdirektør for NAV Møre og Romsdal, Stein Veland, stadfestar ovanfor Vestlandsnytt at Hilde Knotten Dyrhol er sett inn som fungerande leiar ved det interkommunale NAV-kontoret for Herøy og Vanylven. Årsaka til leiarskiftet er at Jarle Stordal er innvilga permisjon. Veland seier permisjonen er innvilga etter ein løpande dialog.