Klukk, Klukk, klukk

«Kvar mann si høne» sa dåverande landbruksminister Lars Sponheim i ein spørjetime i Stortinget i 2004. Bakgrunnen for spissformuleringa var eit spørsmål frå Øystein Hedstrøm frå Framstegspartiet. Han var uroa for at det kunne bli mangel på egg til påska som stod for døra. Det vart høg latter i salen, og det har blitt ei vandrehistorie.

Høner i hovudstaden? Høyvik har gått gjennom – og filosoferer over - Oslo kommune si høne-rettleiing.   Foto: Shutterstock

Hønsesuppe er forresten ein svært omtykt matrett.

Nyhende

Sponheims litt spesielle ønske er aldri blitt gjennomført, men no kan mykje vere i endring. Miljøbyråd i Oslo Lan Marie Berg frå Miljøpartiet Dei Grøne kom med eit utspel i valkampen, der ho tok til orde for noko ho kalla urbant landbruk.