Klare for byttehelg fredag og laurdag

Bergsøy IL Handball deltek også i år på «Byttehelgen» i regi av SpareBank1 og Norges Skiforbund.

Endre Leine: Dette bilete blei knipsa under tilsvarande arrangement i fjor.   Foto: Arkiv/Josefine Spiro

Nyhende

Byttehelgen er Noregs største dugnad for ny skiglede med å leggje til rette for å kjøpe og selje brukt skiutstyr i alle kategoriar. Å resirkulere brukt skiutstyr gjer det mogleg for ennå fleire å kunne oppleve skiglede utan at det skal «koste skjorta». For barnefamiliar med ungar som veks mykje frå år til år kan det vere kostbart å fornye skiparken. På Byttehelgen kan ein både få selt det som ikkje lenger er i bruk, finne noko nytt som passar og bidra til å redusere bruk-og-kast faktoren.

I fjor var det mange barn som fekk seg nye ski, akebrett, skøyter og mykje meir – og stemninga var minst like god som på skiavdelinga til XXL.

For dei som vil levere inn utstyr for sal kan dette gjerast primært på fredag 8.11 i festsalen på Herøy Kulturhus, det er også mogelegheit på laurdag morgon. Sal av utstyr er på laurdag.

Det vil vere representantar til stades for å hjelpe til med vurdering/prising av utstyr for sal, samt kjøperettleiing på laurdag.

BIL Handball og Sparebank 1 ønsker alle vel møtt til ein god handel!