Internasjonal Dag ved Herøy vgs.: Kenya i fokus

Kvart år arrangerer Herøy vidaregåande skule Internasjonal Dag.

LUNSJ: Ele­var og læ­ra­rar fekk ser­vert kyllingkarri-sup­pe, Fo­cac­cia-brød og sjo­ko­la­de­ka­ke til lunsj un­der In­ter­na­sjo­nal Dag.   Foto: Steinar Eggesbø Hagen

Nyhende

Tysdag gjekk årets markering av stabelen, og elevar og tilsette ved skulen kosa seg med kyllingkarri-suppe med Focaccia-brød, sjokoladekaker, og mykje meir. Alt saman var laga av HVS sine eigne flinke elevar på VG 2-kokkelinja, fortel lærar Steinar Eggesbø Hagen til Vestlandsnytt.

Han fortel vidare at i år har hovudfokus for pengeinnsamlinga (i staden for Operasjon Dagsverk) vore på Gunnar Hamnøy sin organisasjon NSP Aid. NSP Aid besøkte også skulen under Internasjonal Dag, med Sharon og Winney frå Kenya i spissen.

Gjestane frå NSP Aid og Kenya heldt også føredrag på skulen, saman med skulen sine eigne elevar Kanutte Kopperstad og Viola Andersson. Sandssokningen Andersson og herøyværingen Kopperstad var tidlegare i haust på besøk i slummen i Kenya, og delte sine opplevingar frå turen. Opplevingane delte dei også i Vestlandsnytt for ei tid tilbake:


Mange sterke inntrykk for Viola og Kanutte

– Vi køyrde rett gjennom slummen den dagen vi kom dit. Det var nesten som å få eit slag i trynet. Då tenkte eg: Er det verkeleg slik?


Dei tre føredraga dei heldt på HVS handla om livet i slummen i Kenya og om NSP Aid sitt arbeid som hjelper mange unge til håpet om eit nytt og betre liv.

HELDT FØ­RE­DRAG: Frå venst­re ser vi Gun­nar Hamn­øy (NSP Aid), Her­øy-elev Ka­nut­te Kop­per­stad, Sharon og Winney frå Ke­nya, Her­øy-elev Viola Andersson og Ni­ko­lai Jensen (NSP Aid).  Foto: Steinar Eggesbø Hagen