– Kan vere spikaren i kista for fuglefjellet Runde

Sjøfuglen er under press. Ei nystarta interessegruppe med utspring på Runde vil kjempe med nebb og klør for å hindre realisering av den planlagde vindparken i sjøen utanfor Sandøy.

Forkjemparar: Frå kaikanten i Fosnavåg er det 7 km i luftlinje til Rundabranden, som vi ser i bakgrunnen. Så høge vert vindturbinane som etter gruppa sitt syn vert liggande midt i matfatet for sjøfugl som søkjer til og frå Runde. Vi ser f.v. Olav Runde (kasserar), Alv Ottar Folkestad, Kaja Runde (leiar), Lars Ove Goksøyr, Marie Runde (sekretær). Også Kjetil Olsen (nestleiar), Hans Jakob Runde og Anders Goksøyr er med i styret til nyskipa «Runde mot Havsul 1».  Foto: Endre Vorren

Nyhende

– Gruppa er skipa først og fremst for å syte for å gje korrekt informasjon, og parallelt med det jobbe mot sentrale styresmakter for å hindre det som er planlagt. Kjem denne vindparken, som ligg midt i sjøfuglane sitt matfat, kan det i sin neste konsekvens moglegvis vere spikaren i kista for fuglefjellet Runde.