Sildeeksporten opp med 91 prosent

Verdien av sildeeksporten auka kraftig i oktober, men likevel er det ein nedgang til no i år.

SILD: Eksporten av sild gjekk opp med heile 91 prosent i oktober, men samla for året er det likevel ein liten verdinedgang samanlikna med i fjor. 

Nyhende

I oktober blei det eksportert sild til ein verdi av 357 millionar kroner, som er 91 prosent meir enn same månad i fjor. Auken er ein konsekvens av at fangstmengda dobla seg samanlikna med same månad i fjor.