Buksér og Berging kjøper:

Olympic Octopus er seld

Slepebåtreiarlaget Buksér og Berging har kjøpt Olympic Octopus, som i lenge har lege i opplag i Breivika.

Olympic Octopus: Ankerhandteraren vert no selt ut av Olympic Ships AS, «rest-reiarlaget» til Stig Remøy med PSV- og AHTS-båtar. Foto: Bernt Sortland 

Nyhende

– Vi ønskjer framleis å vere ein aktør i offshoremarknaden, mellom anna for å sikre kompetansen innan ankerhandtering. Slik sett er vi litt motstraums, men vi har tru på at marknaden for denne typen skip gradvis vil betre seg i framtida, seier adm. dir. Vetle Sverdrup i Buksér og Berging As til Sunnmørsposten.