Dramatiske innsparingskrav i Sande kommune:

Kutt på alle felt i Sande - og vil legge ned to skular

Endring av skulestruktur blir igjen lansert i Sande. Forslaget frå rådmannen er å legge ned skulane på Sandsøya og i Gjerdsvika neste haust.

KOMMUNESTYREMØTE: Rådmann Trond Arne Aglen (t.h.) orienterer kommunestyret om det som teiknar til å bli eit vanskeleg stykke budsjettarbeid. F.v. einingsleiarane Kari Johanne Skarmyr, Wenche Thorseth, Marianne Hauge og Øystein Johansen.  Foto: Endre Vorren

Nyhende

I budsjettforslaget som kommunestyret fekk presentert denne veka, er det baka inn eit framlegg om å legge ned Gjerdsvika skule og Sandsøy skule frå neste haust. Det gir ei samla innsparing på 2,4 millionar kroner i 2020.