Dei er trygge i Herøy, men familien i Kurdistan i Syria er på desperat flukt i krigen:

– Vi føler oss hjelpelause og veit ikkje kva vi skal gjere

Sjå for deg at dine nærmaste er i fare. Foreldre, søsken og besteforeldre på konstant flukt frå bomber, krig og elende. Det verkar kanskje fjernt, men for nokre er realiteten så altfor nær.

HEIME: Den kurdiske familien føler seg heime og trygge i Fosnavåg. Men familien deira heime i Kurdistan (Syria) kan derimot ikkje føle seg trygge. Kvar dag er dei på flukt frå krigen som herjar landet. For familien Saidi her i Herøy er det derfor uuthaldeleg å heile tida måtte vente på livsteikn frå sine søsken, foreldre og venar i heimlandet. F.v. Roni (8), Zaki, Rohat og Mohammad (15), venane kallar han Barish. Dei to andre i familieflokken, Inda og Rodi, var ikkje tilgjengelege.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Det som skjer er så ufatteleg urettferdig. Mi mor, far, søster og hennar tre barn er livredde.

Rohat Saidi
Nyhende

Ho ringde meg her ein dag. Det var vanskeleg for ho å snakke. Eg kunne høyre att ho var redd på måten ho skalv i røysta. Ho lydde trist.