Den framtidige utviklinga av Herøy i fokus under formannskapets første budsjettdiskusjon:

"– Alt er jo stengt etter klokka 17. Sjå til Ulsteinvik"

Sentrumssatsing, folketalsutvikling, Ulstein kommune og eit godt fotballag var mellom dei sentrale tema då det nye formannskapet gjorde sitt første forsøk på å løyse budsjettutfordringane denne veka.

EIN TØFF PRO­SESS: Her­øy for­mann­skap byr­ja på bud­sjett­pro­ses­sen den­ne veka. Nok ein gang er må­let å fin­ne meir per­ma­nen­te løy­sin­gar på bud­sjett­ut­ford­rin­ga­ne. Vi ser f.v.: Sig­urd Ny­gard (H), Lars Ivar Moldskred (H), råd­mann Ola­us-Jon Kop­per­stad, Tine Stor­øy (H) og Linn The­re­se Sævik (KrF).  Foto: Stian Langlo Driveklepp

Nyhende

Sjølv om økonomileiar Geir Egil Olsen teikna eit heller positivt bilde då han presenterte budsjettstatus per 31.08, var både han og rådmann Olaus-Jon Kopperstad klare på at Herøy står ovanfor fleire utfordringar framover, då dei presenterte stoda for Herøy-økonomien under tysdagens formannskapsmøte.