Gode resultat i havfiskeflåten:

Ringnot det mest lønsame

Lønsemda er god i havfiskeflåten, og den mest lønsame av driftsformene er ringnot.

SLUTT OM BORD: – Å drive foredling på sjø er noko heilt anna enn på land, og vi ser også at ombordproduksjon er det no heilt slutt på i dei pelagiske fiskeria, seier Gunnar Sævik.  Foto: Arkiv

Nyhende

Det blir konklusjonen på tala som Nett.no nyleg presenterte av overskotet for dei knapt seksti fiskebåtreiarane på Sunnmøre og i Nordfjord dei to siste åra. Samla driftsresultat for 2017 og 2018 var på 3,4 milliardar kroner, noko som gav eit resultat i prosent av driftsinntektene på om lag 25 prosent.