Herøy VGS kan kome til å miste både byggfag og avdelinga i Vanylven:

Rektor: – Ein dramatisk og utfordrande situasjon

Fylkesrådmannen føreslår drastiske kutt i den vidaregåande opplæringa i fylket. Dette råkar også i Herøy som til neste skuleår vil kunne miste bygg og anleggsteknikk og avdelinga si i Vanylven.

Herøy vidaregåande skule  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

Store innsparingar skal gjerast på fylkeskommunalt nivå, og tysdag fekk vi ein peikepinn på korleis fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik aktar å få til dette. Fylkesutdanningssjef Erik Brekken presenterte tysdag ei lang innsparingsliste då budsjettforslaget for 2020 og økonomiplanen vart lagt fram av fylkeskommunen. Innan 2023 håpar fylkeskommunen å spare heile 100 millionar kroner innanfor utdanning, med ein intensjonen om å spare heile 50 millionar neste år. I dette ligg det at ei rekke «dyre» fagtilbod blir lagt ned og skal samlast på færre stader.