Burde ha auka SFO-satsane enda meir

Kommunalsjef Sølvi Lillebø Remøy rår til at satsane for SFO-betaling i Herøy blir auka med tre prosent neste år.

Kommunalsjef Sølvi Lillebø Remøy.  Foto: Arkiv

Nyhende

Helst hadde kommunalsjefen sett at satsane kunne ha vore auka vesentleg meir. Konsekvensen kan då bli at SFO-krinsane Moltu, Stokksund og Leikanger får så få barn at det blir for kostbart å oppretthalde tilbodet, alternativt at opningstida blir for kort i forhold til kva foreldra treng.