Vekk med tannklinikkane i Fosnavåg og Larsnes

Tannklinikkane i Fosnavåg, Ulsteinvik og på Larsnes vil bli nedlagde om fylkesrådmannen får det som han vil.
Nyhende

Det er ei omfattande omlegging og samlokalisering fylkesrådmannen legg opp til innanfor den offentlege tannhelsetenesta. På Søre Sunnmøre skal dagens sju tannklinikkar samlokaliserast til tre med lokalisering på Hareid, Fiskå og i Ørsta.