Opning av kvile- og lesehytta

Fredag 25. oktober var det offisiell opning av Kvile- og lesehytta på Moltustranda.

BESØK: Mange trassa regn og vind og kom for å vere med på opninga av kvile- og lesehytta.  Foto: Styret i Moltustrandingen

Nyhende

Barna frå Moltu barnehage stod for snorklippinga. Det vart servert pølser, kaker, saft og kaffi, og barnehagebarna underheldt med fin song. Det var mange som trassa regn og vind og tok turen opp på fjellet denne dagen.

OPNING: Barn frå Moltu barnehage stod for snorklippinga då kvile- og lesehytta blei opna.  Foto: Styret i Moltustrandingen

Laurdag var det også feiring i hytta, med kaker og kaffi. Også denne dagen var det mange som møtte opp.

Styret vil takke sponsorar og alle som har bidratt med både penger, bøker og dugnad. Hytta har allereie vore godt besøkt, og vi håper den vil bli til glede for mange!

Nokre i styret for Moltustrandingen. F.v. Magnar Lillestøl, Anett Skorpen Tarberg, Atle Skorpen, og Ida Moltu, saman med representantar for sponsorane.  Foto: Styret i Moltustrandingen