Nytt hefte av Folk og Fortid

Herøy Sogelag held på tradisjonen og kjem med årets utgåve av tidsskriftet sitt akkurat i rett tid til farsdagen komande søndag.

NYTT HEFTE: I Folk og Fortid 2019 har Otto Jøsok skrive om Nils Husøy og kona Karoline. Dei kom flyttande frå Ona til Leikong rundt førre hundreårskiftet og busette seg på Bjørkelid midt oppe i Leikongbakken, der huset seinare er ombygd. Her viser Otto (til venstre) fram tunet på Bjørkelid til Folk og Fortid-redaktørane Johan Moltu, Norunn Stendal Aksnes og Ole Arild Bø.  Foto: Arnljot Grimstad

Nyhende

Folk og Fortid 2019 er no i sal, og leiaren i sogelaget, Johan Moltu, er ivrig etter å få heftet ut til folk.

– Herøy Sogelag har ei medlemsliste med bortimot 700 namn. Svært få sogelag kan matche det! Alle medlemmane får tilsendt Folk og Fortid gratis som ein del av medlemsskapet. Vi held på med utsendinga no, og alle skal få heftet til helga. Men det er òg til sals i butikkane.

Havari i Nordsjøen

Den mest dramatiske historia i Folk og Fortid i år er om Boggy-havariet vest av Florø i februar 1962. Ein uventa brottsjø hadde nær brote ned den 67 fot store båten frå Leikong, og det gjekk mest ein heil dag før båten vart funnen, sterkt ramponert. Otto Jøsok har skrive om hendinga etter m.a. å ha snakka med tre av mannskapet og kona til skipperen på Boggy.

Hilde Sævik Brænne voks opp på Remøya på femtitalet. Ho har skrive ein humørfylt artikkel om folk og natur, om dei som var på sjøen, om dei som var heime og om bedehus og andre hus i ei tid som var forbausande annleis enn tida i dag.

I artikkelen Svinøya – ute på kanten av landet presenterer Leif Skorpen ein serie nydelege bilde frå øya og fyret som i dag er avfolka, og som ber preg av det.

Lesebok, minnebok og Rolfen

Elles har 2019-utgåva m.a. fått med 150-årsjubileet for den første nynorske leseboka, som vart skriven av ein moltustranding. Kåre Kvalsvik skriv om det lokalhistoriske arbeidet til Inge Remøy, Gudmund Solstad fortel om sunnmørsjekta, og Kjartan Rabben presenterer ei av historiene frå oppveksten til faren, Bjarne Rabben.

Redaksjonen har òg teke med nokre artige sider frå ei minnebok som Peder L. Hjorthaug fekk i gåve frå bestemora i 1912.

Framsida av Folk og Fortid har eit herleg bilde der årets Herøy-profil, Rolf-Arne, Rolfen, Nilsen frå Bondestokksund, matar utegangarsauene sine. Elles er heftet fullt av spennande bilde frå både fortid og notid.

Johan Moltu fortel at Folk og Fortid er i sal på Vestvang Bokhandel i Fosnavåg og i daglegvarebutikkane på Leikong og på Kvalsund. Sogelaget kjem òg til å ha ein stand på Coop Extra på Eggesbønes denne veka. Alle sogelagsmedlemmane får heftet tilsendt i posten.