Mykje restskatt i Herøy

Skattytarar i Herøy må til saman betale over 46 millionar kroner i restskatt etter skatteoppgjeret for 2018.

RESTSKATT: Skattytarar på Søre Sunnmøre må til saman betale om lag 145 millionar kroner i restskatt.  Foto: Illustrasjon/Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

Skatteoppgjeret er no klart og viser at vel tusen skattytarar i Herøy betalte for lite skatt i 2018. Til saman er desse utlikna med ein samla restskatt på 46,3 millionar kroner, eller 42.490 kroner i snitt. I heile fylket er det berre i Aure restskatten i snitt er høgare enn i Herøy.