SaFast må auke aksjekapitalen

Selskapet treng meir pengar. I ein ny emisjon håpar ein at Sande kommune bidreg med ein million kroner.

Jostein Korsnes: Dagleg leiar i Sande Fastlandssamband AS. (Arkivfoto)  Foto: Endre Vorren

Nyhende

Det kjem fram av eit ferskt utspel frå Sande Fastlandssamband AS (SaFast) til Sande kommune. Her vert det varsla at selskapet er inne i ein prosess for å kome inn på fylkeskommunen si liste over sjølvfinansierande samband.