Feel It-sesongen braka laust på Landsbyhuset Breidablik denne helga:

Profesjonalitet frå fyrste sekund

Smakfullt – det kan fleire skrive under på. Underhaldande – utvilsamt.

Cowboystemning sa du? Guro Hauge Rovde, Marlen Hauge Knotten, Laila Fjørtoft Sandanger og Arnhild Bjerkvik.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

I den grad ein bør tillate seg å kaste terning på lokal dugnadsånd og engasjement, vil det vere feil å trille noko anna enn ein seksar for Feel It-gjengen.

Nyhende

Vi snakkar sjølvsagt om dinnershow-konseptet Feel It på Larsnes. Denne helga gjekk årets show-sesong nemleg av stabelen på Landsbyhuset Breidablik, og som tidlegare år, var salen stappfull av staseleg kledde gjestar frå fjern og nær både fredag og laurdag. Leverte dei til forventningane i år? Det korte svaret er ja. Her kjem det lange svaret: