Nytt steg mot hydrogen-løysing for Havyard

Havyard er eit steg nærmare ein pilot på hydrogen-løysing for store skip. Samstundes har dei skrive under avtalar med leverandørar av hydrogentank og brenselceller.

Illustrasjon av skipets framdriftssystemer med LH2 tank og brenselceller integrert.  Foto: Havyard

Nyhende

Det banebrytande arbeidet til Havyard Group er ferdig med første fase, og dei går no inn i godkjenningsfasen for hydrogen-systemet. Det gjer dei saman med Linde Engineering (leverandør av tank) og PowerCell Sweden AB (leverandør av brenselceller).

Dette kjem fram i ei pressemelding frå Havyard måndag ettermiddag. Avtalen går ut på at Havyard-selskapa saman med PowerCell og Linde skal designe ein hydrogen-løysing og gjere første trinn av sertifiseringen. Denne løysinga skal tilbys Havila Kystruten for ettermontering.

– Dette utfordrar oss til å tenke på total-løysing heilt frå starten av. Vi skal levere eit system som er sikkert, som tek lite plass, og som er enkelt å ettermontere – og sjølvsagt som fungerer, seier Kristian Osnes, prosjektleiar for FreeCO2ast-prosjektet i Havyard Group.

Utviklinga av hydrogen-systemet er ein del av eit PilotE-prosjekt der Havyard-selskapa og forskningsinstitusjonane Sintef og Prototech samarbeidar.

Leiar for forskning og utvikling i Havyard Group, Kristian Voksøy Steinsvik, seier PilotE er til stor nytte når det gjeld forenkling av søknadsprosessen inn mot verkemiddelapparatet, og ikkje minst med støtten som gjer risikoen ved å vere ein spydspiss i utviklingsarbeid mindre.

– Med PilotE på laget kan du våge å vere «first mover» samtidig som vi kan satse breidt på utvikling av verktøy og metodikk som vil komme både oss og industrien til gode uavhengig av kva type teknisk løysing vi lander på, seier Steinsvik i pressemeldinga.