Fleire kommunevegar med utbetringsbehov

Gangvegen i Dragsund er ikkje den einaste vegen i Herøy som treng reasfaltering, og tilstanden er ikkje så akutt at den må takast i år.

Dårleg: Kjeldsundvegen er ein av fleire kommunevegar med stort behov for utbetring. Rådmannen tilrår difor eit fast årleg beløp på ein halv million kroner til reasfaltering.  Foto: Jann Flatval

Nyhende

Rådmannen rår til at ein søknad om reasfaltering av gangvegen langs Dragsundvegen ikkje blir imøtekomen. I staden ber han formannskapet vurdere å sette av ein halv million kroner årleg til reasfaltering av kommunale vegar i Herøy.