Mare Safesea i Hallebygda har posisjonert seg for framtida:

– Vi har fått mykje meir arbeid

Mare Safesea var på det minste nede i tre tilsette under oljekrisa, men no har vinden snudd for Hallebygda-bedrifta. Fredag kunne dei nyte kake for å markere eit av suksessprosjekta.

Trygve Gaustad: Dagleg leiar for Mare Safesea har framtidstru. Spesielt trekk han fram havvind som ein spennande marknad.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Vi ser at her vil vere eit stort potensial framover i havvind.

Trygve Gaustad
Nyhende

Då vart nemleg dei tilsette, på Equinor si rekning, tilbode marsipankake for å markere produksjonsstarten på Johan Sverdrup-oljefeltet. Mare Safesea, dotterbedrifta til Mare Safety, har nemleg levert to ni meter lange mob-båtar til det tredje største oljefeltet på norsk sokkel.