Nye skredsonekart «friskmelder» fleire område i Sande:

Lettare for utbyggjarar

Sande har no fått meir presise kart som viser skredfara i kommunen. Dei nye faresonekarta viser at 19 bygningar ligg innanfor faresona for 1000-årsskred.

Tilgjengeleg digitalt: Grunnlaget for faresonekarta er studie av kart og flybilete, terrengmodellanalyse og feltsynfaringar. Karta er produserte i digital form, slik at kommunen og andre kan nytta resultata i eigne verktøy saman med andre kartdata. Faresonene for kvar aktuell skredtype er også teikna saman inn i kartet, slik at kommunen berre treng å halda seg til ei faresone om gongen. På den måten får kommunen raskt oversyn over kva område som er utsette for skred.   Foto: Skjermdump

Nyhende

Onsdag 30. oktober overleverte NVE ein rapport til Sande kommune med meir presis kartlegging av skredfara i kommunen. Rapporten og karta, utarbeida av NGI, har teke omsyn til skredtypane snøskred, sørpeskred, steinsprang, jordskred og flaumskred. Dei kartlagde områda er Liset, Grønevika, Nupen, Vågstrand, Gurskebotn, Gursken-Røyset, Muren-Sandanger, Sandsvika og Kvamme-Myra.