Kompetent?

– Fokus må ikkje vere på kva land eit menneske kjem frå, skriv redaktør Endre Vorren.

Myklebust verft  Foto: Oddgeir Refvik (arkivfoto)

Nyhende

Sist veke presenterte Sparebank 1 sitt konjunkturbarometer. Her vart det spådd ei litt negativ utvikling for maritim industri i året som kjem. I eit intervju med Sunnmørsposten vart banksjef Jan Rune Hurlen i Sparebank 1 SMN sitert slik: «Vi må sjå oss rundt her på Sunnmøre. Anten du besøker eit verft eller eit hotell så møter du nesten ikkje norske tilsette, men vi er i ein region med behov for kompetent arbeidskraft. I næringar der det ikkje er behov for tilsette med mykje utdanning, blir alt henta frå utlandet».