Sande har no høgste arbeidsløysa i fylket

Hareid og Herøy har i år veksla om å ha den høgste arbeidsløysa i fylket .Men no har Sande overteke toppen med ei arbeidsløyse på 3 prosent.

TOPPAR: Med tre prosent er det Sande som no har den høgaste arbeidsløysa i fylket etter fin utvikling både i Herøy og Hareid siste månaden 

Nyhende

Arbeidsløysa i fylket har krope under to prosent, men dei fleste kommunane på Søre Sunnmøre ligg over snitten. Det gjeld særleg Sande, som i motsetning til dei fleste av nabokommunane ikkje fekk nokon nemneverdig nedgang i talet på arbeidslause siste månaden.

Vanylven (1,5 %) og Ørsta (1,8 %) er dei to einaste kommunane på Søre Sunnmøre som har ei arbeidsløyse under gjennomsnittet i fylket. Den låg ved utgangen av oktober på 1,9 prosent, etter ein nedgang i oktober på 12,9 prosent.

Best utvikling på Søre

Søre Sunnmøre var den delen av fylket som hadde den beste utviklinga siste månaden. Her ligg arbeidsløysa no på 2,3 prosent, som framleis er godt over fylkesgjennomsnittet.

Herøy mest ned

På Søre Sunnmøre var det Herøy som hadde den største nedgangen i oktober med 23 til 2,8 prosent. Hareid gjekk ned med 19 til 2,7 prosent, Ulstein ned med 6 til 2,5 prosent og Volda ned med 6 til 2,2 prosent.

Til saman fekk Søre Sunnmøre ein nedgang i arbeidsløysa på sytti personar i oktober.

Utanom dei fem kommunane på Søre Sunnmøre er det no berre sju kommunar i resten av fylket som ligg over to prosent i arbeidsløyse no ved månadsskiftet.

Vanskeleg å rekruttere

– I fylket elles er arbeidsløysa no så låg at det gir næringslivet aukande utfordringar med å rekruttere arbeidskraft med ønska kompetanse, seier direktør Stein Veland i NAV Møre og Romsdal.