Laurdag går flagget til topps

Reiar Åge Remøy inviterer til folkefest når Rem Offshore "flyttar heim" laurdag 2. november.

Laurdag heiser han flagget igjen.  Foto: Josefine Spiro (arkivfoto)

Nyhende

Tre år etter at Åge Remøy fira Rem-flagget utanfor hovudkontoret i Fosnavåg, har reiarlaget for lengst reist seg på nytt, og administrasjonen flyttar inn i sine eigne lokale igjen. Laurdag vert flagget heist på ny.

I det høvet inviterer Rem Offshore til markering med kaffi, kaker og pølser utanfor kontorlokalet. Det vert musikalsk underhaldning med Bergsøy Blandakor.


Solstad Offshore flyttar frå Fosnavåg: – Dette var aldri planen

Solstad Offshore-direktør Lars Peder Solstad avviser at det «låg i korta» at dei kom til å leggje ned kontoret i Fosnavåg.



Å reise seg frå ruinane

Då Rem Offshore måtte inngå tvangsekteskap med Solstad Offshore, var førstnemnde sin far klar på ein ting: Han skulle satse på ny.