Denne helga samlar strandryddar-nettverket seg på Runde:

– Har vore ein suksess

Til helga inviterer Runde Miljøsenter og Sunnmøre friluftsråd til nok ei samling for alle ryddeentusiastane på Søre Sunnmøre.

Seminar på Runde: Denne helga vert både frivillige, næringslivet og det offentlege invitert til Runde for å diskutere marin forsøpling. Nettverket er på plass, men det er framleis ein veg å gå med tanke på kva framtida vil bringe. Mykje avfall kjem framleis frå lokale kjelder, opplyser nettverket, som ynskjer å kome i dialog med bedrifter og næringsliv. Arkivfoto: Bjørnar T. Sævik 

Nyhende

I januar tidlegare i år inviterte Runde Miljøsenter og Sunnmøre friluftsråd til det som blei fyrste samling for frivillige strandryddarar og andre interesserte på Runde. Deltakarar frå nært og fjernt kom for å vere i lag og diskutere marin forsøpling på Sunnmøre. Møtet resulterte mellom anna i at det vart oppretta eit lokalt nettverk, med mål om å gi dei frivillige eit utvida kontaktnettverk. Nettverket skal syne fram arbeidet dei frivillige gjer ute i feltet og skape tettare band mellom frivillige, fagfolk og myndigheiter.

– Vi følte det var veldig viktig at vi oppretta ein møteplass der dei frivillige får møte fagfolk og myndigheiter, seier Charlotte Hauge, prosjektleiar frå Runde Miljøsenter i ei pressemelding.

Charlotte Hauge: – Får du ein e-post frå ein frivillig strandryddar eller nettverket vårt om mogleg forureining, så er det ikkje fordi vi er ute etter dykk, men fordi vi veit at de kanskje treng hjelp frå oss til å stoppe forureininga, seier Hauge.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik (arkivfoto)

– Flinke til å dele erfaringar

Sidan oppstartsmøte har nettverket vore veldig aktive. Deltakarar nyttar nettverket for å planlegge, diskutere og finne fram til løysingar.

– Ein kan trygt seie at nettverket har vore ein suksess, der alle i nettverket er flinke til å dele erfaringar og spørsmål med kvarandre. Vi har mellom anna fått opplæring i feltet av næringslivet som er interessert i å endre seg og vere med å delta i innsatsen som marin forsøpling førar med seg, seier Hauge.

Dei frivillige som ryddar har no eit nettverk å støtte seg til når dei har utfordringar og treng hjelp, og dei kjem med verdifulle innspel for tiltak og løysingar som gjer havet vårt reinare.

Totalt har nettverket sine medlemar utført om lag 70 større og mindre aksjonar i år.

– Vi oppretta ei Facebook-gruppe, der vi tek opp utfordringar vi møter i kvardagen som frivillige strandryddarar. Saman kjem vi på tiltak og løysingar som vi nyttar for å nå ut til både moglege frivillige, industri og det offentlege. Vi nyttar også høve til å diskutere nye prosjekt inne på denne sida, seier Hauge.

Nytt gratisseminar denne helga

No, laurdag og søndag, skal nettverket ha seminar igjen og inviterer frivillige, næringsliv og det offentlege til samarbeid mot marin forsøpling.

– Dei fleste som ryddar strender har ein vanleg kvardagsjobb som dei ikkje kan ta fri frå. Derfor har vi nettverksseminaret vårt på ein laurdag til ein søndag, seier Ann Helen Hellevik, Sunnmøre Friluftsråd.

Nettverket har fått midlar frå Handelens Miljøfond og Miljødirektoratet til å støtte dei frivillige sin deltaking.