«Spire og gro på SFO»

Meir engasjerte gartnarar enn denne gjengen på Einedalen skule skal du leite lenge etter.

Gart­na­ra­ne: Phanpisa DeBruin, Luna Marie Remøy Aur­våg, Emma Louise Små­dal, Ida Lei­ne Sæ­vik, So­fie Ner­land og Fride Myklebust set stor pris på «spire og gro-pro­sjek­tet» dei har i fjerdeklasseklubben på SFO på Ei­ne­da­len sku­le.   Foto: Josefine Spiro

Nyhende

Sola står på ingen måte høgt over skulebygninga denne tysdag ettermiddagen seint i oktober. Likevel er den vesle gangen på toppen av trappa godt opplyst. Det syter den store glasruta for – og det veit fjerdeklasseklubben på SFO å utnytte. Dei har allereie gjort det i fem veker.