Masseuttak på Aurvollen ut på høyring

Eit masseuttak i regi av Aurvoll og Furesund AS vert sendt på høyring av Direktoratet for mineralforvaltning (DNF).

UTTAK: Det vert no søkt om fast konsesjon for masseuttaket på Aurvollen.  Foto: googlemaps

Nyhende

Selskapet søkjer om driftskonsesjon for uttak av fast fjell på gnr. 20 bnr. 1 (Aurvollen i Sande). Arealet er på rundt 15 dekar, og samla uttaksvolum ligg på rundt 110.000 kubikkmeter. Det vert antyda eit årleg uttak på mellom 10.000 og 15.000 kubikkmeter.